Share This @
Share on Myspace Print
 
   
Close
       
To :
From :
Subject :
Message :
   
   
 
 
Forteljinga om ein tapt krig  
 
 

Forteljinga om ein tapt krig 

Dag og Tid  02.03.12
 

Aldri har så mange investert så mykje for å oppnå så lite. 

SAKPROSA
Astri Suhrke:
Eksperimentet Afghanistan. Det inter­nasjonale engasjementet etter Taliban-regimets fall
Spartacus Forlag 2011

To år før tilbaketrekkinga frå Afghanistan er etterkrigsoppgjeret alt i gang. Debatten om intervensjonen er vellukka eller mislukka, er for lengst over. Optimistane tapte. Forklaringane sprikjer i alle retningar. Var det for mange soldatar og for lite bi­stand, eller var det omvendt? Var innsatsen for fragmentert, eller var han ikkje nok tilpassa; høyrer skulda heime hos fiendslege naboland, eller kanskje hos afghanarane sjølve?

Kva svaret er, kjem naturlegvis an på augo som ser. Mykje politisk prestisje står på spel. Mest truleg er det vel at ulike aktørar vil plukke seg den buketten av forklaringar som gjev dei sjølve minst skuld – og avfeie rest­biten med krav om uspesifiserte «nyansar». Viljen til å ta ansvar for ikkje-intenderte konsekvensar av alt velmeint engasjement er avgrensa blant idealistane i utanrikspolitikken. Vi ville jo berre hjelpe.

Vyane nedtona
Det starta så lovande. Då Kabul fall i 2001, var det berre ei handfull vestlege soldatar i landet. Sidan auka ambisjonsnivået. Kampen mot terror vart para med eit nasjonsbyggingsprosjekt. Amerikansk neokonservatisme og europeisk internasjonalisme, hand i hand. 130.000 soldatar og fleire tusen milliardar i bi­­­stand seinare er ambisjonsnivået senka. Vyane om demokrati, likestilling og rettsstat er nedtona. Få trur at dei dyrkjøpte framstega vil overleve tilbaketrekkinga til vestmaktene.

Dette er ikkje den historia vestlege politikarar ønskjer å fortelje. Dei ønskjer seg ein slags suksess. Med så mange tomlar på vektskåla er det difor all grunn til å sjå seg om etter uhilda analysar. Den nye boka til Astri Suhrke, Eksperimentet Afghanistan, er ein bra stad å starte. Forskaren ved Chr. Michelsens institutt tek utgangspunkt i det openberre spørsmålet: Etter så tung innsats – kvifor har ikkje vestmaktene oppnådd meir? Og til hennar ære klarer ho å halde fokus på dette spørsmålet gjennom analysen av det som ofte er bysantinsk komplekse prosessar.

Sjølvmotseiingar
Så kva kjem Suhrke fram til? Suhrke hevdar at den massive innsatsen i seg sjølv er problemet. Tittelen ber med seg ein annan viktig del av svaret: Dette var eit eksperiment. I bi­standskrinsar har ein ofte flåsa om kor mykje enklare det ville vore om ein berre kunne ta over u-landa og overstyra dei inn i den moderne tida. Men dette er altså første gong vi faktisk har prøvd på dette. Det er kanskje difor dei kallar kolonialisme for den stygge systera til humanitære intervensjonar.

Suhrke avdekkjer tre sjølvmotseiingar i Vestens strategi: mellom å føre krig og byggje fred samstundes, mellom ønsket om planlegging og raske resultat, og mellom å skape ein demokratisk stat og kravet om at denne staten skal vere liberal. Vår strategi har gjort Afghanistan avheng­ig av bistand og har avla korrupsjon i samfunnsøydeleggjande skala. Eksperimentet Afghanistan er ei på tide og relativt edrueleg gransking av årsakene til, og konsekvensane av, det vestlege prosjektet i Afghanistan. Suhrke stør seg på mangeårig røynsle frå landet. Med sikker hand dreg ho dei store linene ut av myriadane av einskildhendingar.

Klokt
Suhrke går stegvis gjennom Afghanistan-operasjonen slik han har utfalda seg gjennom dei seinaste elleve åra. Det er ein klok innfallsvinkel, ikkje minst fordi målsetjingane til operasjonen har endra seg hyppig. Kvart einaste år sidan 2001 har vestlege leiarar kunngjort ein siste freistnad eller kritisk hending som skulle snu utviklinga i Afghani­stan. Kvar gong har den underliggjande tanken vore at med auka ressursar på rett stad kunne den afghanske staten styrkjast og såleis oppnå stabilitet.

Trass i militær opptrapping og bistandsflaum har sentralmakta halde fram med å smuldre opp – som ein freistnad på å byggje sandslott i brenningane. I skrivande stund freistar vestmaktene å få i stand ein fredsavtale med Taliban, sjølv om det kan vere vondt å skjøna kvifor desse skulle kjenne seg bundne av ein eventuell avtale, no som NATO har ein heimreisedato i avtaleboka.

Journalisten Robert D. Kaplan, som nyleg vitja Noreg, hevda at den amerikanske hæren «vil vere nøgd berre vi slepp å forlate landet med helikopter frå ambassadetaket».

Astrid Suhrke var mellom dei som alt i 2001 åtvara mot å tru på at Afghanistan kunne «fiksast» gjennom vestleg inngrep. Ho fordømer mangelen på samordning som har gjort den multinasjonale operasjonen unødvendig kompleks og har leidd til at ulike tiltak slår kvarandre i hel.

Til forfattarens heider nyttar ho delar av boka på å føreslå måtar vestmaktene kan unngå eit fullstendig samanbrot etter tilbaketrekkinga. Ho gjer framlegg om eit mindre påtrengjande internasjonalt nærvær og rår til eit langsiktig nærvær. Kor realistiske desse framlegga er, får det vere opp til andre å vurdere.

Overtydande
Suhrkes bok presenterer ein overtydande kritikk av bistand som statsbyggingsverkty. Ho avviser argumentet om at det ikkje har vore nok bistand. Tvert imot har bistandsstraumen overstige absorberingsevna til det afghanske statsapparatet. Rapportar frå bistandsdirektorata i andre land anslår at mellom tjue prosent og ein tredjedel av bistanden forsvinn i korrupsjon. Noreg har på si side svara med å dempa ettersyn og evaluering. Vi har nemleg «nulltoleranse for korrupsjon».

Noreg har pøst om lag 5000 millionar bistandskroner inn i Afghanistan sidan 2002. Vi veit lite om kva dei norske pengane har ført til.

Suhrke imøtegår påstandar om at fokus på ei militær løysing har kome i vegen for bistanden. Ho er realistisk nok til å sjå at tryggleik er den faktoren som alle andre målsetjingar er av­­heng­ige av.

Tesen til Suhrke er at både økonomisk og militær assistanse, i form av at han er gjeven (administrert av utlendingar, av di mottakaren manglar eit effektivt statsapparat), er i beste fall ei mellombels løysing som på lang sikt ikkje er berekraftig. Dette er, ifølgje Suhrke, ikkje minst av di Vesten har omfamna progressive krefter i landet så ettertrykkjeleg at desse har mist legitimitet i folket.

Ingen renteniststat
Ho hevdar vi har skapt ein «renteniststat». Dette er ikkje eit dekkjande uttrykk, all den tid ein rentenist er ein som tener til opphald gjennom rentene av investeringar. Afghanistan lever på opium og almisser. Ifølgje Suhrke betaler Vesten for om lag 80 prosent av offentlege utgifter. At landet er avhengig av bistand, har i alle fall undergrave det overordna målet med ein sterk og legitim stat, noko som jo er «det stikk motsatte av (...) nasjonsbygging».

Mange innvendingar kan rettast mot Suhrkes bok. Éi er bruken av talmateriale. Tal, store og små, dukkar opp og forsvinn utan systematikk. Tala vert brukte utan unnatak til å stadfeste konklusjonar som Suhrke har analysert seg fram tid, aldri (så vidt eg kan sjå) til å nyansere funna hennar.

Men la det vere klart: Dette er eit solid stykke arbeid. Astrid Suhrke fortener takk. Ikkje berre fordi ho har skrive ei av dei få utanrikspolitiske bøkene utgjevne på norsk utan føreord av Jonas Gahr Støre, men av di ho skjer gjennom laga av politisk konstruerte forteljingar og forskoterte suksessar. Konklusjon er like nedstemmande som han er rimeleg.

Asle Toje er forskar ved Institutt for statsvitskap, Universitetet i Oslo. 

 
 
  Dag og Tid 02.03.12